Sjur Langesæter døydde 10. august i år, knapt to veker etter at han fylte 60 år. Då vi i vår fekk vita at han vart blitt sjuk med kreft i bukspyttkjertelen, kryssa vi fingrane for at Sjur kom til å bli frisk att, sjølv om vi forstod at det var ein svært alvorleg diagnose. Men vi vona at den kjernesunne Sjur, den fysisk og psykisk sterke Sjur, den reisevande piloten Sjur, hadde ein sjanse til å slå prognosane. Tragisk nok viste det seg at kreften ikkje let seg stansa. Ifølgje Kreftforeningen har bukspyttkjertelkreft få og diffuse symptom, noko som diverre fører til at sjukdomen ofte blir oppdaga seint. Sjur ynskte ikkje blomar til gravferda, men oppmoda heller folk om å gje ei gåve til kampen mot bukspyttkjertelkreft (pancreas-kreft). Samstundes som alle oss i Rosendal Turnlag lyser fred over Sjur sitt minne, ynskjer vi å heidra dette minnet ved å starta ein innsamlingsaksjon i hans ånd til bekjemping av bukspyttkjertelkreft. Vi takkar audmjukt for alle bidrag. Rosendal Turnlag Les heile minneteksten https://www.rosendal-turnlag.no/innsamlingsaksjon-tili-minne-om-sjur/
Update your browser to view this website correctly. Update my browser now