Klarar vi å samla inn 350.000kr til kreftforeningen sitt "Krafttak mot kreft", frå Kvinnherad, vil desse russegutane tatovera Kreftforeningen sin logo på leggen! Kvinnheradrussen 2018 og Kvinnheringen går nemleg saman om ein innsamlingsaksjon til inntekt for Kreftforeningen. I fjor hadde både russen og lokalavisa kvar sine innsamlingsaksjonar, og no slår vi oss saman for eit nytt «Krafttak mot kreft». Pengane går denne gongen til kreftsjuke med seinskader. Erlend Fredheim og Kristian Enes frå årets russekull har eit svært hårete mål: Klarar vi å samla inn 350.000 kroner frå Kvinnherad, både gjennom bøsseaksjon og denne nettaksjonen, skal dei ta ei heilt spesiell tatovering med logoane til Kreftforeningen, Kvinnheringen og Kvinnheradrussen 2018. – Vi vil så gjerne nå dette målet, og tatoveringa vil då bli eit kjekt minne om vi skulle klara det. Støtt ei viktig sak – gi så mykje du kan og litt til! er oppmodinga frå Kristian og Erlend.
Update your browser to view this website correctly. Update my browser now